- Offentleg sektor treng innovative løysingar som hjelper oss å gi betre tenester til innbyggarane. Vi skal bruke skorsteinsmonitorering for å sjå om vi kan spare tid og ressursar, og samstundes auke kvaliteten i tenesta vår, seier leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.
Espen Storum er leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning.
Midtsiden
Først 400 - så kanskje alle 12 000 pipene i Bjørnafjorden
- Sensoren les av temperaturen og gir oss presise indikatorar på reelt brukarmønster knytt til kvart enkelt pipeløp. Over tid er dette eit overlegent verktøy for risikovurdering, varsling av pipebrann og skreddarsydd innbyggaroppfølging. Dei neste to åra skal vi skal montere 400 pipesensorar i utvalde område i kommunen. Dette skal gi oss beslutningsgrunnlag for vidare bruk av elektronikk i pipa. Avhengig av erfaringane frå testperioden, vil vi vurdere å tilby sensorar i alle dei 12 000 aktive eldstadane i Bjørnafjorden kommune, seier Storum.