-
Meld frå om installasjon av eldstad i eksisterande bustad
Du treng ikkje søkje, men installasjonen må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør. Ein kvalifisert kontrollør kan til dømes vere ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg eller frå brannvesenet. Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.
Når du har skifta eldstad og fått han kontrollert, må du melde frå til kommunen, slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.
Meld frå om installasjon av eldstad
-
Søk og meld frå om installasjon av eldstad i nybygg
Du må søkje om å installere eldstad i nybygg før du begynner. Vi vil rå deg til å få hjelp frå kvalifiserte fagfolk til både søknad og installasjon av eldstaden.
a) Søk om installasjon av eldstad
Den ferdige eldstaden må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør, til dømes ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg.
Når du har installert eldstad og fått han kontrollert, må du melde frå til kommunen slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.
b) Meld frå om installasjon av eldstad
-
Søk om løyve til tiltak på/oppføring av skorstein
Det er ingen formelle krav til den som skal føre opp skorsteinen, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Skorsteinen må kontrollerast av kvalifisert kontrollør
Søk om løyve til tiltak på/oppføring av skorstein