Tyfonanlegg

Sivilforsvaret har ansvar for å varsle sivilbefolkninga i krig. Sivilforsvaret har i dag om lag 1250 varslingsanlegg/tyfonanlegg fordelt over heile landet, i hovudsak i byar og tettstader. Tyfonane skal varsle befolkninga ved akutt fare i eit område.

I Bjørnafjorden kommune finst eitt tyfonanlegg, sentralt plassert i Os sentrum.

 Varslingsanlegga kan bli brukte både i fred og krig for å varsle om akutt fare. I fredstid kan befolkningsvarsling blant anna vere aktuelt ved ulukker ved industrianlegg med påfølgande utslepp av farlege stoffar. I krig kan varslingsanlegga blant anna brukast ved fare for luftangrep.

Ansvar for drift og varsling

I fredstid har Sivilforsvaret i oppgåve å etablere, vedlikehalde og drifte tyfonanlegga. Politiet har ansvaret for å utløyse varsling i fredstid. Sivilforsvaret har ansvar for varsling i krig.
Tyfonanlegga har førhandsdefinerte varslingssignal. Demonstrasjon av dei ulike varslingssignala finn du på sivilforsvaret.no.

  • Viktig melding – søk informasjon. Tre x tre lengre støt. Signalet betyr at du skal søkje informasjon om kva som skjer og kva du skal gjere. Informasjonen blir gitt gjennom ulike medium, for eksempel radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium.
  • Akutt fare – søk dekning. Ni korte støt. Signalet betyr at det er akutt fare og befolkninga må umiddelbart søke dekning.
  • Faren over. Eitt langt støt. Signalet betyr at faren er over, og at du kan forlate tilfluktsstaden.
    Sivilforsvaret testar tyfonane to gonger årleg, andre onsdag i januar og andre onsdag i juni, klokka 12. Då sendast signalet "Viktig melding- søk informasjon". Signala gis i tre seriar med eitt minutts mellomrom.