Om tilfluktsrom
I Noreg er det nesten 20 000 tilfluktsrom med plass til litt over 2,5 millionar menneske. Det er cirka 19 000 private rom med cirka 2,2 millionar plassar og cirka 600 offentlege rom med 300 000 plassar.
Stortinget vedtok mellombels stans i bygging av nye tilfluktsrom i 1998. Det pågår eit arbeid nasjonalt for å vurdere løysingar som kan supplere tilfluktsrom - både område og bygg.
I fredstid er dei fleste tilfluktsrom i bruk til andre formål, til dømes som treningsrom eller lager. Dersom det blir bruk for tilfluktsrom, skal dei kunne klargjerast innan 72 timar.
Offentlege tilfluktsrom
Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i det aktuelle området. Kommunen eig desse romma og har ansvaret for vedlikehald, medan Sivilforsvaret har ansvaret for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon. Tilfluktsromma skal kunne takast i bruk på 72 timars varsel, og ein skal kunne opphalde seg der i minst seks timar.
Private tilfluktsrom
Dei aller fleste tilfluktsromma i Noreg - og i Bjørnafjorden kommune - er private tilfluktsrom i til dømes næringsbygg, kjøpesenter, hotell, skular, barnehagar og helseinstitusjonar. Desse romma er meint for dei som oppheld seg i bygget, og skal vere godt skilta inne i bygningen. Storleiken på private tilfluktsrom er tilpassa talet på personar som normalt oppheld seg på eigedomen. Eigar av bygget har ansvaret for å vedlikehalde rommet, og klargjere og drifte rommet i ein beredskapssituasjon.
Kva gjer eg viss flyalarmen går?
Sivilforsvaret understrekar at det er lite sannsynleg med krig og luftangrep mot sivilbefolkninga i Noreg. Dei svarar slik: “Viss flyalarmen går, må du kome deg i dekning og deretter søke informasjon (radio, TV, nett). Det vil bli gitt retningslinjer og råd til befolkninga i det aktuelle området om korleis dei skal forhalde seg. Dette gjeld både i fredstid og ved fare for eventuelle krigshandlingar. Er det ikkje eit tilfluktsrom i umiddelbar nærleik, er alternativa å trekke ned i kjellaren eller halde seg unna vindauge og trekke inn i bygget. Det beste i ein slik situasjon er å bli der ein er og ikkje reise for å kome seg til eit tilfluktsrom.”
Det finst òg andre sivile beskyttelsestiltak enn tilfluktsrom. Eitt av dei er å søke dekning i for eksempel tunnelar eller fjellhallar. I Bjørnafjorden kommune har vi mange tunnelar der det går an å søke dekning, slik mange her i landet gjorde under 2. verdskrig. I ein potensiell krigssituasjon vil det òg vere aktuelt å evakuere folk til tryggare geografiske område.