Bustønad er ei støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bustadutgifter.
Bustønad
Har du låg inntekt og høge utgifter til bustad, kan du søkje om bustønad frå Husbanken. Du har ikkje rett til bustønad dersom inntektsgrunnlaget i husstanden overstig Husbanken si øvre inntektsgrense.
Her finn du husbanken sine inntektsgrenser.
Les dette før du søker:
- Søkar og bipersonar må vere registrerte i Folkeregisteret på søkeadressa den 1. i søknadsmånaden
- Du må levere alle sider av gyldig husleigekontrakt, signert av utleigar og deg
- Husbanken har sett ei øvre grense på godkjente bustadutgifter etter talet på personar i husstanden. Utgifter over denne grensa blir ikkje tatt med i berekninga.
Les meir på Husbanken si heimeside.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 30.11.2022 13:38