Våre retningslinjer for behandling av søknader om startlån og tilskot til etablering
Lovheimel: Forskrift om lån frå Husbanken
Startlån er for barnefamiliar og andre personar som er i ein særleg utfordrande situasjon og som manglar ein eigna bustad.
Du kan ikkje få startlån dersom du kan få lån i bank. Hovudregelen er at ein må ha langvarige problem med å finansiere bustad med lån frå vanleg bank, og at ein har utnytta
sparepotensialet sitt.
Tilskot til etablering kan bli gitt der startlån aleine ikkje er tilstrekkeleg. Tilskot til etablering er strengt behovsprøvd. Barnefamiliar og andre personar som er langvarig økonomisk
vanskelegstilt blir prioritert.
Prioriterte målgrupper for startlån og tilskot til etablering
Vi har avgrensa med startlånmidlar, og vi prioriterer søknadar slik:
• Barnefamiliar som har behov for ein stabil og trygg bustad
• Personar som leiger kommunal bustad.
• Personar med særlege sosiale eller helsemessige utfordringar og som har ei varig
trygdeyting.
• Personar som eig bustad og har behov for å refinansiere gjeld for å kunne behalde
bustaden.
• Andre som ikkje får lån i vanleg bank, og som ikkje kan spare pengar til eigenkapital.
Unge i etableringsfasen er i seg sjølv ikkje i målgruppa for startlån.
Personar som har moglegheit til å spare pengar til eigenkapital er som hovudregel ikkje i
målgruppa.
Vilkår for å kunne få startlån og tilskot til etablering
• Ein må bu i Bjørnafjorden kommune på søknadstidspunktet. Berre i særskilte tilfelle kan det gjerast unntak. Søkjar må då ha særleg tilknyting til og behov for å busetje
seg i kommunen.
• Ein må som hovudregel ha fast og sikker framtidig inntekt.
• Ein må ha nok inntekt til å betene framtidige låneutgifter i tillegg til andre faste
utgifter.
• Ein må ha utnytta sparepotensialet sitt. For barnefamiliar som har særleg behov for endring av butilhøve kan ein gjere unntak for krav om sparing. For andre personar
som på grunn av lav inntekt ikkje har høve til å spare, kan ein gjere unntak frå kravet om sparing.
• Dersom ein har mykje gjeld, og ikkje nok inntekt til å betene gjeldsutgifter i tillegg til utgifter til startlån og andre faste utgifter, kan ein ikkje få startlån. Vi oppmodar då til å
prioritere nedbetaling av gjeld, og søkje startlån på eit seinare tidspunkt. Dersom ein får innvilga startlån sjølv om ein har anna gjeld er det ein føresetnad at anna gjeld blir
betent i henhald til betalingsavtale.
• Dersom ein er under gjeldsordning må ein vente med å søkje startlån til gjeldsordninga er fullført.
• Bustaden som blir kjøpt skal godkjennast av kommunen på førehand. Som hovudregel blir det ikkje gitt startlån til bustader som krev omfattande oppussing
og/eller utbetring.
• Det blir ikkje gitt startlån til mellomfinansiering.
• Det blir som hovudregel ikkje gitt lån til foreldre med barn som medlåntakar.
Lånevilkår
• Startlån vert innvilga som annuitetslån med flytande rente og nedbetalingstid på inntil 30 år. I særskilte tilfelle kan ein vurdere fast rente og/eller nedbetalingstid på inntil 50
år.