Våre retningslinjer for behandling av søknader om tilskot til tilpassing
Retningslinjer for saksbehandling av tilskot til tilpassing,
prosjektering og utgreiing
Tilskot til tilpassing
Tilskot til tilpassing skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne, som har behov for tilpassa bustad, får gjort dei naudsynte tilpassingane. Målet med tilpassinga er at bustaden skal bli betre eigna og tilrettelagt, og at ein kan halde fram med å bli buande heime.
Tilskot til tilpassing er økonomisk behovsprøvd. Dersom ein har økonomi til å dekkje kostnadar ved tilpassinga sjølv, kan ein ikkje rekne med å få tilskot til tilpassing. Det blir gjort
individuelle vurderingar i kvar sak, der ein ser på husstanden sin økonomi og behov for tilpassing. I vurderinga vil ein også sjå på moglegheiter for å finansiere tilpassinga med
startlån.
Ved søknad vil det bli gjort ein samla vurdering av husstandens økonomi. Tilskot vert som hovudregel innvilga til eigd bustad. Tilskot kan innvilgast til tilpassing i leigd
bustad dersom husstanden har ein langvarig leigekontrakt. Tilskot kan innvilgast til leigetakarar i kommunal bustad. Utleigar må godkjenne at arbeidet vert utført, enten om
bustaden er privat eller kommunalt eigd. Tilskot kan innvilgast til bygging av ny bustad dersom bustaden er av nøktern og rimeleg stand ut i frå storleik på husstanden.
Som hovudregel vert tilskot til tilpassing innvilga éin gang. Det vert ikkje gitt tilskot til ordinært vedlikehald og oppussing.
Storleik på tilskotet
Som hovudregel kan det gis tilskot på inntil kr 40 000. Dersom dei totale kostnadane er dyrare enn denne summen, kan ein vurdere å innvilge det resterande som startlån.
I særlege tilfelle kan det vurderast å innvilge tilskot over kr 40 000.
Dette gjeld dersom:
• Husstanden eig bustaden
• Det kan dokumenterast at tilpassinga blir svært kostbar på grunn av husstandens
særlege behov for tilpassing
• Husstanden har ikkje beteningsevne til låneopptak.
• Det er ein føresetnad at tilpassinga blir forsøkt gjennomført så rimeleg som mogleg.
Tilskot over kr 40 000 skal ha pant i bustaden, og vert nedskrive med 10% kvart heile år
husstanden bur i bustaden. Dersom bustaden vert overdratt eller fråflytta skal resttilskot
innfriast. Tilskot inntil kr 40 000 vert avskrive ved utbetaling.
Utbetaling av tilskotet
Søkjar kan levere faktura frå handverkar/leverandør til kommunen, som då betalar faktura direkte til handtverkar/leverandør (inntil innvilga tilskotsbeløp). Alternativt kan søkjar betale
faktura sjølv og få refundert tilskotsbeløpet frå kommunen mot å framvise kvittering for betalt beløp. Tilskotet kan ikkje nyttast til å betale for arbeidspengar anna enn til mva-pliktige
firma/enkeltpersonføretak.
Søknad
Søk elektronisk på www.husbanken.no
Legg ved følgjande dokumentasjon:
- Dokumentasjon på all inntekt i form av lønnsslippar for tre siste månadar,
arbeidskontrakt, ytingar frå Nav eller andre inntekter og ytingar
- Dokumentasjon på eventuell gjeld
- Dokumentasjon frå helsepersonell på søkjar sine helsemessige utfordringar, som stadfester og beskriver behovet for tilpassing. Som regel er dette i form av ein rapport frå ergoterapeut som følgjer opp søkjaren og som har vore på heimebesøk i bustaden.
- Pristilbod på tilpassinga frå minimum to handverkarar/leverandørar.
Behandlingstid er som regel inntil fire veker. Dersom vi må etterspørje dokumentasjon kan behandlingstida bli forlenga. Dersom vi av andre grunner ikkje overheld behandlingstid på
fire veker vil søkjar få beskjed om dette.
For meir informasjon om tilskot til tilpassing, sjå Tilskudd fra kommunen - Husbanken