Bestill månadleg faktura frå Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune sender normalt ut faktura for kommunale gebyr fire gonger i året. Du kan velje å få faktura månadleg. Då blir beløpet delt på 12 terminar, i staden for på fire.
Les dette før du bestiller:
- Står du som fakturamottakar på fakturaen for kommunale gebyr frå Bjørnafjorden kommune eller er ein annan person i husstanden registrert som mottakar? Berre fakturamottakar kan gjere endringar i samband med fakturaen.
- Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro, e-faktura, Vipps efaktura eller Digital postkasse med Bjørnafjorden kommune.
- Avtale om månadleg faktura gjeld frå og med neste månad.
Bestill månadleg faktura for kommunale gebyr (logg inn via ID-porten)
Sist endra 26.06.2023 01:26