Kontakto - eit dagtilbod for deg med psykiske vanskar

Kontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Tilbodet er frivillig, og du kan bruke Kontakto i den grad du sjølv vil.

Tilbudet er ope, du treng ikkje søke eller ha tilvising. Du er hjarteleg velkomen om du har lyst til å vere saman med oss.

Vi ønskjer å motverke kjensla av einsemd og isolasjon, og legge til rette for at du kan ta i bruk eigne ressursar. Vi ønskjer å følgje, støtte og rettleie deg i kvardagen din og gi deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg.

Du finn Kontakto i den gamle prestebustaden på Giskavollen 5.

Opningstid

Måndag og torsdag 10-14.

Personalet er tilgjengeleg i opningstida.

Kven er tilbodet for?

Kontakto er for vaksne over 18 år med psykiske vanskar.

Kontakt

Miljø og aktivitet
Telefon: 56575040