Oshaugen dagsenter

Oshaugen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande eldre. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Vi held til i Oshaugen 1.

Kven er tilbodet for?

Oshaugen dagsenter er for eldre som bur heime.

Tilbod

  • Sosialt samvær
  • Turgåing
  • Trening med og utan treningsstrikk
  • Dans og musikk
  • Song
  • Matlaging
  • Bingo
  • Quiz
  • Formingsaktivitetar


Vi samlar oss rundt bordet til hyggelege måltid med næringsrik mat. Du får tilbod om frukost, middag og eit mellommåltid med frukt.

Tilbodet blir tilpassa den enkelte, og kan nyttast frå måndag til torsdag. Vi er opptatt av dagleg aktivitet og at alle kan gjera noko.

Vi hentar deg og køyrer deg heim med minibuss.

Last ned brosjyre for Oshaugen dagsenter (PDF, 238 kB)

Opningstid

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 10-15.

Slik søkjer du

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Oshaugen dagsenter
Telefon: 48077958
Åsa Kristine Flakke
Leder (m/særaldersgrense
Telefon: 91672069
Mobil: 91672069