Varafjell avlastingssenter

Varafjell avlastingssenter er eit tilbod for barn og unge under 18 år med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr deltids avlastning og heilårsavlastning.
Varafjell har 10 plassar for barn og unge med samansette funksjonshemmingar. Senteret har sju soverom og tre leilegheiter.

Varafjell avlastingssenter ligg i Industrivegen 88 og 90.

Kven kan søke om opphald på Varafjell avlastingssenter?

Personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Føresette må sende søknaden.

Kva kan vi tilby?

  • Heilår og deltid avlastning
  • Avlastingstilbod og bustad for personar med nedsett funksjonsevne under 18 år - eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod.
Aktivitetar på Varafjell

På dagtid går barna/ungdommane i barnehage eller på skule. Dei som assisterer barna på Varafjell, er dei same som  assisterer på skulen. Målet er at barna skal forhalde seg til dei same personane i størst mogleg grad.

På Varafjell har vi rom for forskjellige aktivitetar, både for dei som kan bevege seg sjølve og for dei som treng hjelp. Vi legg opp til forskjellige aktivitetar til forskjellige tider. I tillegg har vi felles aktivitetar som turdag, lesekrok, musikkstund, formingsaktivitetar, ballspill og kino. Alle barna har òg moglegheit til å gjere aktivitetar på eige rom.

To stuer kan nyttast til forskjellige aktivitetar, i tillegg til eit stort og godt kjøkken.

Om ettermiddagen kan vi, i tillegg til eige areal, nytta areala til ressurssenteret, som ligg like ved. Her er det god plass til fysisk aktivitet, til dømes er det ein ribbevegg å klatre i, scene, sanserom (raudt), og moglegheit for kjøkkentrening. Kjøkkenet er spesialtilpassa funksjonshemma, med hev-/senkfunksjon.

Vi nyttar òg det kvite sanserommet på dagsenteret på Kuhnle.

Rundt avlastningssenteret og ressurssenteret har vi ein stor og tilrettelagt hage som innbyr til leik og aktivitet. Her er stiar, leikeapparat, ein sansehage under planlegging og moglegheit for avslapping. Hagen er delvis skjerma frå omverda. I tillegg nyttar vi nærområdet til tur og andre aktivitetar.

Praktisk informasjon

Slik søkjer du
Bjørnafjorden kommune sine forpliktingar

Bjørnafjorden kommune er forplikta til å syte for at barna og ungdommane får eit tilbod i samsvar med krava til fagleg kvalitet og rettsikring som blir gitt i lov om sosiale tenester med forskrifter mva.

Innhald i tilbodet

Bjørnafjorden kommune pliktar å syte for at bemanninga til ei kvar tid har dei kvalifikasjonane som er nødvendige for å kunne gi barn og unge omsorg, tilsyn og det faglege tilbodet dei har krav på, jamfør punkt 1. Dette omfattar òg plikt til å fremje det enkelte barn si utvikling i samarbeid med føresette og skule eller barnehage. Avlastningssenteret er forplikta til å følgje opp transport mellom skule og avlastning, og mellom heim og avlastning.

Personalet si oppgåve er ikkje å tre inn i føresette sin stad, men å fungere som profesjonelle hjelparar for barna i samarbeid med dei føresette.

Medikamenthandtering

Dersom barna/ungdommane treng medikament fast eller i periodar, skal føresette og personalet på avlastningssenteret inngå skriftleg avtale om administrasjon av desse. Medikament blir oppbevart utilgjengeleg for barna, og kompetent personale administrerer medikamenta.

Klede, sko, leiker og andre personlege eigedelar

Varafjell avlastningssenter tar ansvar for at den enkelte sine personlege eigedelar blir haldne i orden. Alle eigedelar må vere merka med namn. Klede må kunne vaskast i vaskemaskin. Det er personalet sitt ansvar å gi beskjed til føresette i god tid dersom barna treng meir klede eller anna, til dømes medisinsk forbruksmateriell.

Lege, tannlege, spesialisthelseteneste og liknande

Føresette skal syte for at barna får nødvendig tannlege- og helsekontroll årleg. Personalet kan følgje med ved behov. Føresette skal stå for oppfølging av barna ved innlegging på sjukehus. Personalet ved Varafjell kan, dersom sjukehuset sine rutinar tillet det, vere med som følgje.

Forsikringsansvar

Bjørnafjorden kommune si ulykkesforsikring omfattar skadar barna måtte bli påført under opphald på avlastningssenteret. Det same gjeld på reise til eller frå avlastningssenteret ved fritidsaktivitetar som Bjørnafjorden kommune er ansvarleg for.

Personlege eigedelar må forsikrast av føresette. Utstyr som  barna/ungdommane eig og som dei sjølve øydelegg, må erstattast av føresette. Normal slitasje på personlege eigedelar dekkast av føresette.

Utgifter til opphald

Avlastning er gratis. Dekking av opphaldsutgifter følgjer til ei kvar tid gjeldande retningsliner for eigenbetaling. Varafjell avlastningssenter kjøper inn mat og generelle toalettartiklar (såpe, sjampo, tannkrem).

Personlege toalettartiklar må den enkelte dekkje sjølv (kremar, spesialsjampo og liknande).

Dersom det på grunn av allergiar eller anna sjukdom er behov for spesialkost, blir det gjort avtalar med dei pårørande i kvart enkelt høve.

Fritidsaktivitetar

Utgifter til fritidsaktivitetar dekkast av føresette, som om barna hadde budd heime. Det blir gjort avtale om fast innbetaling kvar månad på minimum kr. 500 per barn på deltids avlastning og minimum kr. 1000 på heilårs avlastning. Summen betalast inn den 1. i kvar månad. Vi fører rekneskap som blir sendt til føresette til kontroll.

Utgifter til større aktivitetar som føresette ønskjer at barna er med på (f.eks. sirkus, der barna må dekke billett for seg og følgje samt transport ), må føresette dekke utanom den faste summen. Førsette kan ikkje bli belasta for høgare utgifter til fritidsaktivitetar og eventuelle utgifter til transport enn dei har samtykka til.

Dersom barna har fødselsdag når dei er på avlastning, markerer vi med ei enkel fødselsdagsfeiring saman med dei andre barna som er på Varafjell den dagen.

Foreldreansvar og omsorgsansvar

Dei føresette som har fått vedtak om avlastning, deltid eller heilår, har dei same pliktane og rettane overfor sine barn som andre føresette.

Vi føreset at føresette, så langt som praktisk råd er, utøver sitt omsorgsansvar i gjensidig samarbeid med leiar og personale på avlastningssenteret.

Oppgåver som føresette ivaretar
  • Føresette skal syte for at barna får nødvendig tannlege- og helsekontroll årleg, og for oppfølging av barnet ved eventuell innlegging på sjukehus.
  • Føresette har ansvar for at barnet har det ho eller han treng av klede, sko, sportsutstyr, leiker og anna personleg utstyr til rommet. Alle personlege eigedelar skal vera merka med namn.
  • Føresette har òg ansvar for at barnet har nødvendige hjelpemiddel, som for eksempel reseptar, bleier, toalettsaker og medisinsk forbruksmateriell.
  • Føresette skal delta på ansvarsgruppemøte og eventuelle andre møte kring barnet.
  • Føresette har ansvar for ulike søknadar som gjeld barnet.
Heimreiser

For å ta i vare omsorgsansvaret og barna sin kontakt med familien, føreset vi at barn som har heilårs avlastning besøker foreldra sine regelmessig.

Foreldresamvær skal avtalast skriftleg mellom avlastning og heim i kvart enkelt høve.

Av omsyn til ferieavvikling for personalet på avlastningssenteret, må vi gjere avtale om heimreise i god tid og seinast seks veker før heimreise.

Dersom det oppstår behov for endring av transport mellom heimen og Varafjell, må føresette ta ansvar for dette.

Bruk av avlastningsleilegheit

Føresette har til ei kvar tid tilgang til barnet sin bustad, og kan når som helst kontakte personalet for tilgang.

Dersom eit barn kjem til Varafjell etter klokka 21, skal føresette sjølv syte for at barnet blir stelt og lagt.

Kontakt

Torild Raknes Mjelstad
Leder
Mobil: 90744897