Helseteknologi - smarte løysingar for eit godt og sjølvstendig livKva er eigentleg helseteknologi?Helseteknologi er samlenamnet vi brukar på teknologi som skal gjere det enklare og tryggare for deg å klare deg sjølv i kvardagen, trass i sjukdom eller andre fysiske eller psykiske utfordringar. Målet med å ta i bruk helseteknologi er at du skal kjenne deg trygg, klare deg sjølv og bu lengre heime.Bjørnafjorden kommune tildeler enkelte typar helseteknologi til brukarar som oppfyller bestemte kriterium. Men det er i tillegg mange andre ulike verktøy og hjelpemiddel du sjølv kan skaffe deg for å gjere kvardagen din betre.Kva kan du skaffe sjølv?Det kjem stadig nye teknologiske løysingar på marknaden."Dingsane" kan gjere kvardagen din lettare og tryggare, og bidra til at du kan klare daglege aktivitetar på eiga hand. Eksempel på "dingsar" du kan skaffe sjølv Robotstøvsugar Robotplenklippar Leielys med bevegelsessensor som slår seg på automatisk når du skal på toalettet om natta Sporing ved hjelp av GPS, med eller utan alarmknapp Komfyrvakt Tidsbrytar Smarthusteknologi som styrer lys, ventilasjon osb. Enklare fjernkontroll til TV Forenkla smarttelefon KOMP: Enkel og trygg teknologi for deling av bilete, tekstmeldingar og videosamtalar. Utvikla for dei som synest det er vanskeleg å bruke iPad og smarttelefon. Elektronisk dørlås Kamera med bevegelsessensor Robot-vindusvaskar Kva kan du søkje kommunen om?Tryggleiksalarm kan nyttast i situasjonar der du treng hjelp, for eksempel ved fall.Digitalt tilsyn: Tilsyn i heimen utan at heimetenesta alltid treng å oppsøkje deg fysisk.Sporing med GPS til deg som har kognitiv svikt/demenssjukdom.Elektronisk medisindispenser som gir beskjed når du skal ta medisinen din og sender varsel om du har gløymt å ta han. Sist endra 02.06.2025 11:30