Bjørnafjorden kommune sitt psykososiale kriseteam gir støtte og oppfølging til personar som har akutt behov for hjelp i samband med uventa dødsfall, kriser, ulykker og krig.
Kriseteamet består av 10 faste medlemmer som har rullerande vakt i vaktlag. Vi koplar inn fagfolk frå ulike område, avhengig av kva dei berørte har behov for.
Dersom det er behov for oppfølging over lengre tid, kan kriseteamet henvise den kriseramma vidare til andre i kommunen sitt hjelpeapparat eller spesialisthelsetenesta.
Slik kontaktar du psykososialt kriseteam
Ring 47 51 21 20. Telefonen blir betjent av legevakta.
Her finn du nummer til ulike vakttelefonar
Sist endra 12.12.2023 10:45