Eldre personar er særleg utsette for fall på glatt føre, og mange av falla skjer like ved bustaden. Strøsand kan vere med på å førebygge fall.
Bjørnafjorden kommune tilbyr difor ei bøtte gratis strøsand per husstand til eldre heimebuande i kommunen.
Kven kan få strøsand?
Personar over 70 år, som bur i Bjørnafjorden kommune. Tilbodet gjeld per husstand. Dersom du ikkje kan hente sjølv eller få hjelp av andre til å hente, kan vi levere.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Slik går du fram
Os-sida: Ta kontakt med Os frivilligsentral for informasjon om kor du kan hente strøsand, tlf. 94396618
Fusa-sida: Informasjon kjem
Sist endra 06.12.2023 10:47