Kartleggingsteamet

Første gong du melder om at du har behov for pleie - og omsorgstenester frå kommunen, kjem kartleggingsteamet på besøk. Til dømes når du blir utskriven frå sjukehus eller annan behandlingsinstitusjon, ved tilvising frå fastlegen eller på initiativ frå deg sjølv eller pårørande. 

Kartleggingsteamet kjem på heimebesøk og kartlegg saman med deg og dine pårørande. 
Vi vurderer situasjonen og heimen din, for å sjå kva hjelpebehov du har på kort og lang sikt. 
For at du skal kunne vere mest mogleg sjølvhjelpen i eigen heim, kan det vere nyttig med eventuelle tilpassingar og hjelpemiddel. 
Vi kan fylgje deg opp i 14 dagar for å sjå kva du meistrar sjølv og kva du eventuelt treng bistand til. 

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072