Matlevering

Bur du heime og synest det er vanskeleg å lage middag til deg sjølv, kan du få ferdig mat levert. Du bestiller middag til så mange dagar som du ønskjer, og får levert maten ein eller to gonger i veka.

Kven er tilbodet for?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime.

Praktisk informasjon

  • Maten kjem ferdig frå Fusa bu- og behandlingssenter. Du treng berre ta han ut av kjøpeskåpet ditt og varme han opp i vassbad eller mikrobølgeomn.
  • Levering:
    • Os-sida: onsdag og fredag
    • Fusa-sida: tysdag og fredag
  • Vil du avbestille middagar eller stanse levering? Ring kjøkkenet på 56 58 02 10.

Pris

Sjå prisar i betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune

Prisane blir vurderte årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Kommunen vil sende faktura for middagane heim til deg i posten.

Slik går du fram 

Søk digitalt: Fyll ut dette digitale skjemaet (du må logge på med BankID)
eller
Søk på papir: Fyll ut dette papirskjemaet (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

NB! Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt

Har du spørsmål?

Ring avdeling for koordinering og forvaltning på telefon 91 67 20 72 eller send e-post

Kontakt

Vil du avbestille middagar eller stanse levering?
Telefon: 56580210
Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072