Fastlegetilbodet i Bjørnafjorden

Kva er ein fastlege?

Ein fastlege er ein allmennpraktiserande lege med avtale med kommunen om å delta i fastlegeordninga. Alle har rett til ein fastlege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg og prioritere sine pasientar framfor personar som ikkje står på legen si liste.

Om fastlegeordninga

  • Du kan sjølv velje kven du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga.
  • Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn der du bur. 
  • Du kan òg fritt velje å bruke ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då må du betale høgare eigenandel.
  • Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du òg fastlege for barnet ditt.
  • Mange fastleger er tilgjengelege på helsenorge.no. Her kan du mellom anna fornye resepter, sjå kjernejournal, byte fastlege og sjekke ventelistene til legane.
  • Ved opphald på sjukeheim har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

    Eining for Legetenester i Bjørnafjorden har ansvar for fastlegeordninga i Bjørnafjorden kommune.
     
Oversikt over fastlegekontor i Bjørnafjorden kommune

Kommunale legekontor

Osøyro legesenter

Eikelandsosen legekontor

Næringsdrivande legekontor

Os Allmennpraksis

Irislegene 

Moberg legesenter

Flåten legesenter

Eg har ikkje fastlege. Kva gjer eg?

Dersom du ikkje har fastlege, men har D-nummer, kan du kontakte Eining for legetenester for legetime.

Dersom du har fastlege i ein annan kommune, kan du gå inn på helsenorge.no for å byte til ein fastlege i Bjørnafjorden. Lista over ledige fastlegeplassar blir oppdatert dagleg, så det er lurt å sjekke jamleg.
Dersom du har høgt ventelistenummer, er rådet å velje ein ledig fastlege, eller ein fastlege med kortare venteliste.

Korleis byter eg fastlege?

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke bytteretten. Du har rett til å byte fastlege inntil to gonger per kalenderår. 

Les meir om fastlegebyte på helsenorge.no

Eg skal flytte. Kan eg behalde fastlegen min?

Flyttar du frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du vil få brev frå NAV/HELFO om kva fastleger som har ledig plass på lista i den nye kommunen. Du kan velje ein av dei, eller behalde fastlegen du alt har.

Personar som har flytta innanfor Noreg, og meldt flyttinga til Folkeregisteret, kan få tilbake tidlegare fastlege om dei flyttar tilbake til opphavleg kommune innan tre år. Sjå utfyllande informasjon om dette på helsenorge.no.

Korleis finn eg ny fastlege?

På helsenorge.no finn du oversikt over alle fastlegane i Bjørnafjorden kommune.
Du kan setje deg på venteliste dersom fastlegen du ønskjer ikkje er ledig.

Personar utan internett kan ringe 23 32 70 00. Du må oppgi fødsels- og personnummer, eller D-nummer. Hugs å ha det klart når du ringer.

Bytte av fastlege gjeld frå den første dagen i månaden etter at byttet er registrert. Du får eit brev som stadfestar at du har fått ny fastlege.

Kva skjer med journalen min når eg byter fastlege?

Når du byter fastlege, blir ikkje journalen automatisk overført til ny fastlege. Viss du ønskjer at den nye fastlegen skal få tilgang, må du sjølv ta kontakt med tidlegare lege og be om å få journalen sendt til den nye legen.

Kontaktar du HELFO på vegner av andre, må du ha fullmakt. Foreldre/føresette må òg ha fullmakt frå barn over 16 år, fordi ein er helserettsleg myndig frå 16 år.

Pris

Du betaler eigenandel. Dersom du blir tilbode timebestilling per SMS eller via Internett, skal du ikkje betale noko ekstra for det.

Her kan du sjå kva du må betale