Offentleg tannlege

Alle har rett til gratis tannhelsetenester (med unntak av tannregulering) hos offentleg tannlege ut det året dei fyller 18.
19- og 20-åringar må betale 25 prosent av kostnadane.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i alle kommunar i Vestland.
Det er to offentlege tannlegeklinikkar i Bjørnafjorden kommune. 

Kontaktinformasjon

Os tannklinikk
Os tannklinikk skal over i nye lokale. Klinikken er stengt frå 19. august til 9. september 2024 i samband med flyttinga. Ny adresse er Gudridflaten 2.
Gudridflaten 2, 5210 Os.
Opningstid måndag-fredag, kl. 8-15.30
Telefon: 56 57 03 50

Eikelandsosen tannklinikk
Leiro 43, 5640 Eikelandsosen
Opningstid måndag-fredag, kl. 8-15.30
Telefon: 56 58 20 70

Les meir om tannhelsetenesta på fylkeskommunen sine nettsider.

Kontakt tannlegevakta ved behov for akutt hjelp

Dersom du har ein akutt tannskade eller behov for å stanse smerte, kan du få hjelp på tannlegevakta i Solheimsgaten på Danmarksplass i Bergen. 
Les meir om tannlegevakta