Helsevern i verksemderNokre verksemder har meldeplikt og andre godkjenningsplikt av omsyn til helsevern. Dette gjeld til dømes tatoveringsstudio, badstoger og forsamlingslokale. Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden er fagleg ansvarleg for miljøretta helsevern i kommunen.Fagavdelinga Miljørettet helsevern ved Helsevernenheten i Bergen kommune behandlar sakane på vegner av Bjørnafjorden kommune. Desse verksemdene må søkje om godkjenning Nokre typar verksemder må ha godkjenning før oppstart. Kommunen gir samtykke på bakgrunn av opplysningar og planar som låg føre på tidspunkt for godkjenninga. Godkjenninga er ikkje i seg sjølv eit kvalitetsstempel for verksemda. Verksemdene under må sende inn søknad om godkjenning før oppstart, ved renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller endringar i drifta:SkularBarnehagarTatoveringsstudioSalongar som utfører permanent makeupPiercingstudioSalongar som utfører holtaking med øyrepistolDesse verksemdene må melde fråFor å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan påverke helsa negativt, har verksemdene under meldeplikt til kommunen ved oppstart, renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller endringar i drifta:FrisørsalongarHudpleiesalongarSolariumCampingplassar, badeanlegg og badstogerAsylmottak og hospitsUndervisningslokale og andre forsamlingslokaleVerksemder med kjøletårn, luftskrubbar eller liknande innretningarVerksemder som slepp ut avløpsvatnSkadedyrfirma ved bruk av gassingsproduktSlik sender du søknad om godkjenning eller meldingFor å sende godkjenningssøknad eller melding, sjå: Bergen kommune - Miljørettet helsevern - InnbyggerhjelpSend kopi av søknad eller melding til: post@bjornafjorden.kommune.noLes meir om helsevern i verksemder på Miljørettet helsevern i Bergen kommune sine temasiderSlik klagar du på dårleg hygiene, smittevern eller annan helsefareDu kan klage på til dømes dårleg hygiene eller manglande smittevern i ei frisør- eller hudpleieverksemd.Slik klagar du Lokale med helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommuneLokale med helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommuneNamn på bedriftLokale godkjent for tatovering/permanent makeupLokale godkjent for piercing/holtaking med øyrepistolÅrstal for helseverngodkjenningBeauty Lady, Idrettsvegen 39, OsJa2024Clinique 1, Byvegen 81, OsJa2024Kali Hud- og helseterapi, Øyro 35, OsJa2024Make Me Up, Landboden 15, OsJaJa2023Piotrekartink, Torsneset 8, EikelandsosenJaJa2023 Lovar og forskrifterLov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) - Lovdata]Forskrift om miljørettet helsevern (lovdata.no)Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet (lovdata.no)Forskrift om badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. (lovdata.no)Forskrift om fastsettelse av tvangsmulkt i medhold av lov om folkehelsearbeid (lovdata.no)Forskrift om skadedyrbekjempelse (lovdata.no) Sist endra 28.11.2025 14:32