Helsevern i skulen

Elevar har rett på eit trygt og helsefremjande miljø på skulen. Dersom det er tilhøve ved skulen du meiner ikkje er helsemessig tilfredsstillande etter krava i forskrifta, må du først ta kontakt med skulen og fortelje om di bekymring. 

Viss ikkje dette fører fram eller skulen ikkje svarer innan rimeleg tid, kan du sende ein klage.

Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden er fagleg ansvarleg for miljøretta helsevern i kommunen.

Fagavdelinga Miljørettet helsevern ved Helsevernenheten i Bergen kommune behandlar sakane på vegner av Bjørnafjorden kommune.

Kva kan du klage på?

Du kan klage på skulen sine inne- og uteareal, skulen sine rutinar eller elevane sitt leike- og læringsmiljø. 
Døme på klage kan vere:

  • Dårleg inneklima, til dømes fukt, mugg eller dårleg luft
  • Dårleg reinhald
  • Mykje støy innandørs
  • Dårleg sikkerheit, til dømes manglar ved skulen sine rutinar, konkrete tilhøve som kan føre til ulukke eller skade, uønskte hendingar som førte til, eller kunne ha ført til, helseskade
  • Dårlege hygienerutinar eller manglande smittevern

Slik klagar du  

Merk: Dersom du vil klage på det pedagogiske innhaldet, fagleg kvalitet, ressurstildeling eller undervisning, må du ta kontakt med den enkelte skulen eller skuleeigaren.  

Helseverngodkjenning av skular

Skular med helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommune
Skular utan helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommune

Alle barnehagar og skular i kommunen må vere godkjende etter reglane for miljøretta helsevern. Les meir om krava her

  • Føremålet med godkjenninga er å sikre at barna har eit trygt og godt miljø der dei kan trivast, leike og lære. Det skal òg førebygge sjukdom, skadar og alvorlege hendingar. 
  • Når nye bygg blir planlagde, eller det skjer endringar i drifta, blir det tatt omsyn til barn sine behov.
  • På vegner av kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, sjekkar Miljørettet helsevern i Bergen kommune at skular og barnehagar følgjer reglane i forskrifta for helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar.
  • Miljørettet helsevern i Bergen kommune gir råd og rettleiing til barnehagar og skular både før og etter godkjenning.