Mot vald og overgrep

Treng du hjelp? Ta kontakt. Alle tenestene er gratis.

Krisesenter for Bergen og omegn 
Telefon: 55 31 50 50
Døgnope hjelpetilbod til personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgiving eller ein trygg stad å bu i ein periode.

Bergen legevakt har døgnope mottak for offer for valdtekt og seksuelle overgrep
Telefon: 55 55 99 50
Valdtektsmottaket tar imot og gir bistand til personar som er utsette for seksuelt overgrep. Tilbodet gjeld for både kvinner og menn, og er uavhengig av om saka blir meld til politiet. Du kan sjølv bestemme om du vil ta imot heile tilbodet eller berre delar av det.

NOK Bergen - kompetansesenter mot seksuelle overgrep
Telefon: 55 90 49 90
Eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande.

Alarmtelefonen for barn og unge
Telefon: 116 111
Gratis, døgnopen nødtelefon og chatteteneste for barn og unge som er utsett for omsorgssvikt, vald og mishandling. Vaksne som er bekymra for barn og unge kan òg ta kontakt.

Rettleiar til fornærma i straffesaker (PDF, 294 kB)
Rettleiaren er utarbeidd av overgrep.no 

Dinutvei.no
Nasjonal oversikt over ulike hjelpetilbod og informasjon til utsette for vald og overgrep, pårørande og bekymra, den som utøver vald og fagpersonar.