Ruskonsulenten i Bjørnafjorden kommune er eit tilbod til deg som har, eller kjenner nokon som har, eit problem med rus eller annan avhengigheit. Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising.
Ruskonsulenten tilbyr
- Støttesamtale med deg og/eller pårørande
- Råd og rettleiing
- Kartlegging
- Tilvising til behandling
- Fagleg rettleiing
Kven kan ta kontakt?
Du kan ta kontakt om du sjølv eller ein av dine nære har utfordringar knytt til rus eller avhengigheit.
Slik tar du kontakt
Ruskonsulent Lina Marie Oma når du på e-post eller telefon 45737745.
Sist endra 16.01.2026 09:30