Fysioterapi for vaksne og eldreI den kommunale fysioterapitenesta i Bjørnafjorden er det både fysioterapeutar som er tilsette i kommunen og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.Kven kan få tilbodet?Vaksne over 18 år og eldre med tap av/nedsett funksjonsevne etter skade eller sjukdom kan få undersøking, vurdering og behandling av fysioterapeutar i kommunen. Døme på kva fysioterapeuten kan hjelpe deg med Råd og rettleiing for å betre eller bevare funksjon og førebygge sjukdom og skadeTrening/rehabilitering med sikte på at du skal auke funksjon og klare viktige daglege funksjonarRåd og rettleiing til pårørande og andre samarbeidspartnararFørebyggande og behandlande tiltak i institusjon eller heimFormidle hjelpemiddelDersom du har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging, samarbeider vi med andre faggrupper som ergoterapeut, lege, sjukepleiar eller andre. Sist endra 12.11.2024 12:22