Oppfriskingsdosen mot korona kan gis samtidig med influensavaksine (samvaksinering). Viss du tilhøyrer ei risikogruppe, får du koronavaksinen gratis.
Bjørnafjorden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Du må sjølv bestille time.
Slik kan du få koronavaksine
Bestill vaksine hos dei to kommunale legekontora
Ta kontakt med dei to kommunale legekontora: Osøyro legesenter på telefon 56 57 00 20 eller Eikelandsosen legekontor på telefon 56 58 02 90
Desse gruppene er anbefalt å ta vaksine:
- 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- 18–64 år som tilhøyrer ei risikogruppe
- 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
- 6 månader–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
- Gravide i 2. og 3. trimester
Les meir om vaksineanbefalingar og risikogrupper på fhi.no
Har du spørsmål om koronavaksine?
Svar på dei fleste koronaspørsmål finn du på helsenorge.no/koronavirus.
Les meir om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine nettsider