Slik vaksinerer vi mot influensa

Kommunen tilrår at personar over 65 år, og dei som er i andre risikogrupper for alvorleg influensasjukdom, tar ein oppdatert influensavaksine kvar haust. Det same gjeld for nokre andre målgrupper.

Bjørnafjorden kommune ventar å få inn influensavaksinane i løpet av veke 42 i 2025. Meir informasjon kjem i begynnelsen av oktober.

Kven er i risikogruppa?
  • Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustader.
  • Alle frå 65 år.
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høg blodtrykk), leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa
Andre målgrupper for influensavaksine
  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta med nær pasientkontakt.
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar.
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk fugl. 

Her kan du ta vaksinen

Du som er i risikogruppa, eller som bur saman med/er tilsvarande nær til immunsupprimerte personar, kan ta influensavaksinen hos fastlegen eller hos eitt av dei tre apoteka som samarbeider med kommunen om vaksinasjon: Apotek1 Os, Apotek1 Flåten og Vitusapotek Irisgården.

Vaksinering av barn og gravide

Ta kontakt med helsestasjonen.

Vaksinering av helsepersonell, svinerøktarar og saneringspersonell

Arbeidsgivar har ansvar for yrkesvaksinering. Eiga ordning gjeld for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester.

Du får informasjon via arbeidsgivar.

Vaksinering av tilsette i kommunale barnehagar og skular

Eiga ordning gjeld. Du vil få informasjon via arbeidsgivar.

Pris

Eigenandel for influensavaksinen for risikogrupper og målgrupper er kr 301,- 

Dersom du ikkje er i risikogruppa eller ei målgruppe, må du betale full pris for vaksine på apotek (pris varierer mellom apoteka).

  • Du kan ta influensavaksinen samtidig med koronavaksine og/eller pneumokokkvaksine hos fastlegen. Då betaler du ein redusert pris per vaksine.

Meir informasjon

Vaksiner og vaksinasjon - Helsenorge

Ta koronavaksine – Bjørnafjorden kommune