Om det er nok med éin dose eller om du treng oppfriskingsdose kvart 6. år, avheng av kva for vaksinepreparat du får og kor høg risiko du har for alvorleg pneumokokksjukdom.
Snakk med legen din om du er usikker på om du har behov for pneumokokkvaksine.
Vaksinepreparat som blir brukte i vaksenvaksinasjonsprogrammet (for dei som fyller 65 i år), er rekna for å gi varig beskyttelse utan behov for oppfriskingsdosar.
Ved å tilby vaksine til heile årskull det året dei fyller 65 år, vil ein sikre at aldersgruppa 65+ blir stadig betre beskytta mot pneumokokksjukdom.