Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) i Bjørnafjorden kommune

Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) er eit tilbod til vaksne og barn som på grunn av alder eller helsetilstand har auka risiko for å bli alvorleg sjuke viss dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom
Kommunane har ansvar for å tilby målgruppa vaksine mot desse sjukdomane.

Korona- og influensavaksine er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. 

  • Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65-74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet om dei ønskjer det.

Pneumokokkvaksine er eit tibod i vaksenvaksinasjonsprogrammet det året du fyller 65 år. Det første årskullet som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du ikkje nyttar deg av tilbodet det året du fyller 65 år, beheld du retten til å få vaksinen seinare.

Målet med vaksinasjon er å førebygge sjukdom og dødsfall.

Slik tar du VVP-vaksinar i Bjørnafjorden kommune

Påminning om vaksinasjon

Det er eit mål at flest mogleg veit om tilbodet om vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Helsemyndigheitene sender derfor påminning til uvaksinerte i dei aktuelle aldersgruppene. Varselet kjem på Helsenorge og du må logge deg inn for å lese varselet. 

Hausten 2025 vil desse tre gruppene få påminning om vaksinasjon:

  • Koronavaksine: 75 år og eldre (påminninga går ikkje ut til alle over 65 år fordi Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling gjeld frå og med 75 år) 
  • Influensavaksine: 65 år og eldre 
  • Pneumokokkvaksine: fødd i 1960. 

Påminninga er automatisk laga og basert på opplysningar om manglande vaksinasjonar i nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Det er ingen personar som ser opplysningar om deg.  

Les meir: Vaksiner i voksenvaksinasjonsprogrammet - FHI