Bruk av kommunale bustader og strategi for tildeling av kommunale bustader ("Bustadtrappa")Bjørnafjorden kommune står overfor store økonomiske utfordringar, på lik linje med mange andre norske kommunar. Endringar i demografi, hjelpebehov og bustadmarknad gjer at kommunen må vurdere korleis vi skal utnytte den kommunale bustadmassen best mogleg. Målet er å sikre berekraftige tenester i heile kommunen. Behovet for pleie og omsorgstenester vil auke i åra framover, både for eldre og for unge med hjelpebehov. Kommunen har ikkje økonomi til å bygge fleire bufellesskap. Det er derfor behov for å sjå nærmare på korleis vi betre kan nytte kommunen si eksisterande bustadmasse, for å møte framtidas behov. For å komme i møte desse utfordringane skal vi i dette prosjektet sjå på: Plan for bruk av eksisterande kommunale bustaderStrategi for tildeling av kommunale bustader.Prosjektleiar strategisk bustadpolitikk: Lars TraneProsjektleiar omsorgsbustader: Torgeir SæterProsjektleiar KPA (kommuneplanens arealdel): Kaisa BanneKva skal prosjektet bidra til? I tråd med målet om å halde tenester på lågast mogleg trinn i innsatstrappa, er det også viktig å sjå på korleis dei kommunale bustadane blir nytta. Prosjektet skal bidra til å sikre effektiv utnytting av den kommunale bustadmassen, særleg med tanke på samlokalisering for brukarar med behov for same type tenester. Ved å utarbeide ein strategi for tildeling av kommunale bustader, vil vi betre sikre at vi tilbyr «rett bustad til rett person». Vi er éin kommune, og skal levere like tenester uavhengig av kor i kommunen tenestemottakaren bur. Mål for prosjektetYte tenester på lågast mogleg nivå i innsatstrappa Sikre at vi tildeler "rett bustad til rett person" Sikre at vi nyttar dei kommunale bustadene på ein god og effektiv måte Sikre at vi kan levere berekraftige tenester til brukarar som har behov for kommunal bustad Møte framtidas behov for ulike brukargrupper Publisert 27.03.2026 10:50 Sist endra 27.03.2026 10:50