Dimensjonering heimetenesterBakgrunn for prosjektetBjørnafjorden kommune står overfor store økonomisk utfordringar, på lik linje med mange andre norske kommunar. Bjørnafjorden har òg utfordringar knytt til demografi. Den aldrande befolkninga, i kombinasjon med endringar i livsstil og helsetrendar, skapar ein kompleks dynamikk som vil forsterke stor mangel på mellom anna helsepersonell i åra som kjem. Gitt den aldrande befolkninga og knappe ressursar i form av arbeidskraft , må kommunen identifisere kva tenester og tenestekvalitet vi skal tilby, med mål om å sikre berekraftige tenester i heile kommunen. Prosjektleiar: Maria Therese BjørdalKva skal prosjektet bidra til? I tråd med nødvendig dimensjonering av institusjonsdrift i Bjørnafjorden kommune, må vi også sjå på dimensjonering av heimetenestene. Disse tenestene må dimensjonerast i tråd med auka behov for ambulerande tenester og bruk av korttidsplassar/avlastningsplassar på sjukeheim. Vi må også kunne ta i mot pasientar frå sjukehus direkte til heimen. Fleire bur heime lengre og må samstundes få den hjelpa dei til ei kvar tid har behov for. Vi må sikre rett kompetanse på rett plass til rett tid. Mål for prosjektetÅ organisere heimetenestene slik at vi gir effektive og berekraftige tenester til innbyggarane i kommunen.Levere likevelrdige tenester i heile kommunen - framstå som éin kommuneTilgang til rett kompetanse på rett stad til rett tidEtablere felles praksis og struktur (tenestekatalog, vedtaks-/tildelingspraksis)Implementere “Heima best” i alle avdelingarInnføre digital heimetenestesoneAuka “ansikt-til-ansikt-tid"Vurdere felles ambulerande miljøteamNy organisasjonsmodell med éi einingDimensjonere heimetenestene rett Publisert 27.03.2026 10:39 Sist endra 27.03.2026 10:39