Dimensjonering institusjon

Kva skal prosjektet bidra til?

  • Sikre berekraftig innretning av sjukeheimstenestene i Bjørnafjorden kommune.
  • Definere korleis sjukeheimstenestene skal organiserast: kva kapasitet og avdelingar sjukeheimstenesta skal ha no og i framtida.

Prosjektleiar: Anne Berit Karlsen

Mål for prosjektet

Det overordna målet for prosjektet er å sikra at sjukeheimstenesta og heimetenesta i Bjørnafjorden kommune, no og i framtida, er i stand til å levere fagleg forsvarlege og treffsikre helse- og omsorgstenester. Bakgrunnen er demografisk utvikling, venta knappheit på helsepersonell og dei økonomiske rammene våre. Sjukeheimstenestene må dimensjonerast slik at vi har «rett pasient i rett seng, til rett tid».