Fleksibelt behandlings- og oppfølgingsteam ("Raudt team")

Utfordringar knytt til barn og unge som allereie har utvikla komplekse vanskar, er eit aukande problem i samfunnet. Dette gjeld òg i vår kommune. 

Våre Ungdata-tal viser auke i rus, kriminell åtferd og psykiske vanskar blant barn og unge. Bjørnafjorden kommune har ikkje gode nok tiltak for å hjelpe barn, unge og familiar med komplekse vanskar, på raudt nivå i førebyggingspyramiden. Dette er dokumentert i fleire kartleggingar/rapportar.  

Bakgrunn for prosjektet

Prosjektleiar: Linda Hevrøy

⇒Vi har nyleg gjennomført ein forvaltningsrevisjon knytt til kommunen sitt tenestetilbod til barn, unge og familiar. Konklusjonen er at kommunen har eit godt organisert tenestetilbod og gode lågterskeltiltak til barn og unge, men at vi manglar eit tenestetilbod for barn og unge som allereie har etablert store vanskar knytt til psykisk helse, rus og åtferd. 
Eit slikt manglande tenestetilbod utgjer ein stor risiko for at barn og unge ikkje får den hjelpa dei treng, og at kommunen har auka risiko for fleire institusjonsplasseringar gjennom barnevernet.   

⇒Bjørnafjorden kommune kjøper i dag plassar ved barnevernsinstitusjonar gjennom det statlege barnevernet (BUF-etat). Dette vert definert som tenester på trinn 12, det øvste trinnet i innsatstrappa. Det er høge kostnader knytt til kjøp av institusjonsplassar, og dette verkar heller ikkje førebyggande. 
I tillegg kjøper barneverntenesta inn private tiltak til barn, unge og familiar fordi kommunen manglar tenester og tiltak som er omfattande nok til å bistå desse familiane. 

Eit fleksibelt oppfølgings- og behandlingsteam ("Raudt team") vil kunne bidra til at fleire får hjelp tidlegare, i eige nærmiljø, og at behandling og oppfølging kan skje utanfor institusjon eller sjukehus. Eit fleksibelt oppfølgings- og behandlingsteam har som mål å ivareta barn, ungdom og familiar som allereie har utvikla omfattande vanskar. Eit slik tiltak manglar i dagens tenestetilbod.  

Kva skal prosjektet bidra til?

Prosjektet skal bidra til etablering av eit fleksibelt oppfølgings- og behandlingsteam (raudt team) i vår eige kommune, for å oppfylle lovkrav.  

Eit kommunalt oppfølgings- og behandlingsteam (raudt team) skal gi intensiv, tverrfagleg og arenafleksibel hjelp til barn, unge og familiar.  Ei arbeidsgruppe leia av kommunepsykolog Hans Blytt, arbeider med innhald og arbeidsmetodikk i teamet.

  • Gje heilskapleg og koordinert oppfølging og behandling til barn som har utvikla omfattande vanskar knytt til psykisk helse, rus og åtferd.
  • Samanheng i oppfølging uavhengig av tid – tilgjengelege tenester på dag/ettermiddag og kveld/helg.  
  • Gje oppfølging og koordinert hjelp slik at barn og unge kan delta/gjenoppta fritidstilbod, få støtte i eige nettverk og samhandle betre med skule/arbeid. 
  • Styrke foreldrefunksjonar og familierelasjonar.
  • Gje rask og koordinert innsats over tid. 

Mål for prosjektet

  • Målet er at Bjørnafjorden kommune skal ha eit eige oppfølgings- og behandlingsteam (raudt team), som kan handtere ambulant oppfølging av barn, unge og familiar med komplekse vanskar etter definerte mål.  
  • Kommunen blir på eiga hand rusta til å møte komplekse og samansette behov hos barn, unge og familiar, utan å kjøpe statlege eller private tenester.