Førebygge og redusere skulefråværBakgrunn for prosjektetBjørnafjorden kommune har auka skulefråvær blant elevar, noko som påverkar både læringsutbytte og den totale ressursbruken i skulesektoren. Skulefråvær er ressurskrevjande og krev innsats frå fleire tenester. Samstundes har kommunen stram økonomi, og det er behov for å styrke bruk av tiltak på lågare nivå i innsatstrappa i prosjektet, for å redusere behovet for kostnadskrevjande tiltakpå høgare nivå. Prosjektet skal bidra til å systematisere innsatsen mot skulefråvær gjennom tidlege og koordinerte tiltak. Prosjektleiar: Janne M. E. EikKva skal prosjektet bidra til?Å etablere ei arbeidsgruppe som kan identifisere, koordinere og implementere tiltak som reduserer skulefråvær, med særleg fokus på å styrke lågterskeltilbod og førebyggande innsats. Arbeidsgruppa skal bidra til meir effektiv bruk av eksisterande ressursar og redusere behovet for kostnadskrevjande tiltak på høgare nivå i innsatstrappa.Mål for prosjektetKartleggje årsaker til skulefråvær i kommunen. Identifisere eksisterande lågterskeltilbod og vurdere korleis desse kan nyttast meir systematisk. Utarbeide konkrete tiltak som kan førebyggje og redusere skulefråvær. Etablere rutinar for tverrfagleg samarbeid mellom skule og andre tenester i kommunen. Foreslå måleindikatorar for å evaluere effekten av tiltak over tid. Kartleggje møtepunkt skulen har med føresette i barnehagen om plikt til oppmøte. Publisert 27.03.2026 10:57 Sist endra 27.03.2026 10:57