Frivillig i Bjørnafjorden

Korleis kan kommunen styrkje samarbeid og samskapinga med frivillig sektor? 

Prosjektleiar: Grete Byrkjeland

Prosjektet tek sikte på å få fram eksempel på gode arbeidsmåtar i rekruttering , koordinering og vedlikehald av frivillig innsats. Prosjektet skal vere ei konkretisering og oppfølging av frivillig politikk i tidlegare planverk (KPS, sektorplanar og Frivilligstrategi og vere handlingsretta. 

Mål for prosjektet

Som eit overordna mål skal dette prosjektet bidra til å løyse ut den frivillige krafta og potensialet i det frivillige i Bjørnafjorden. Visjon frå  FRIVILLIGSTRATEGI 2024-2027 vedteke 31.10.2024 ligg til grunn i arbeidet.

Det skal vere enkelt å vere frivillig i Bjørnafjorden.