Satsingsområde for prosjektet
Med basis i kunnskapsbasert praksis og vurdering av kva som hastar mest, er gjennomførbart og kan gje vesentlege gevinstar for oss i Bjørnafjorden, skal prosjektet jobba med desse delprosjekta/satsingsområda i prioritert rekkefølge:
Fysisk aktivitet (0-110 år):
- Tiltak som kan få fleire innbyggjarar til å vera meir aktive
- Undersøkja moglegheiter for å stilla krav i plansamanheng eller til utbyggjar om tilrettelegging for fysisk aktivitet tilknytt bumiljø (integrering av fysisk aktivitet i dei aller fleste kommunal planar)
- Info og merksemd om kva som finst av tilbod (LHL, idrettslag, etc – samarbeid med frivilligprosjektet for oversikt over tilbod?) og om kor lite aktivitet som gjev stor helsegevinst
- Betre tilrettelegging av aktivitetsvenlege nærmiljø/satsa på utbygging av gang- og sykkelveier
Førebygging, habilitering og rehabilitering for heimebuande (0-110 år):
- Endra arbeidsmåtar (gruppetilbod, digitale tilbod, anna)
- Styrkja ergoterapitenesta og/eller fysioterapitenesta
Levevanar (kosthald, tobakk, alkohol – 0-110 år)
- Kommunale føringar for eit sunt kosthald i barnehagar/skular, institusjonar/sjukeheim, rådhus, idrett, kultur, m.m.
- Informasjonstiltak og plan/årshjul for å fremja sunne levevanar i livslaupsperspektiv.
- Rettleiing/opplæring i bruk av persontilpassa livsstils-app/digitale verktøy (t.d. gjennom bibliotek, frisklivstilbod).
- Etablera eit frisklivstilbod med kurs og individuell oppfølging for røykeslutt, sunnare ernæring, meistring, søvnhygiene m.m.
- Undersøkja moglegheiter for å etablera spesialsjukepleiarkompetanse, delegert frå fastlege, som del av frisklivstilbod.
- Ernæringsoppfølging retta mot heimebuande sjuke og eldre.