Tidleg innsats 0-6 år

Bakgrunn for prosjektet

Vi treng eit systematisk samarbeid mellom førebyggande helsetenester og barnehage. Vi veit for lite om kvarandre sine mandat og oppgåver slik det er i dag. Dette fører til at vi ikkje heilt veit om kvarandre sine tiltak, og ikkje samsnakkast om kva tiltak som kan vere mest treffsikkert for barnet og familien.  

Kommunen har også mange enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp §31 i barnehagen. 50% av desse vedtaka er knytt til språk.  Det tyder på eit behov for å styrke kompetansen innan alternativ supplerande kommunikasjon ute i barnehagane. 

Kva skal prosjektet bidra til?

 Å utvikle og implementere heilskaplege og berekraftige tiltak som styrker foreldrerolla, sikrar høg kvalitet i barnehagetilbodet og legge til rette for tidleg innsats og god oppfølging av barn i barnehagealder. 

Dette skal gje treffsikre tenester som legg til rette for ein trygg og god oppvekst frå fødsel, gjennom barnehagealderen og som samtidig sikrar berekraftige løysingar for framtida. 

Vi skal stå fram som éin kommune, og levere like tenester uavhengig av kor mottakaren bur.  

Prosjektleiar: Irene Kvåle Foer

Underprosjekt:

  • Foreldrerettleiing
  • Ressursteam barnehage
  • Allmennpedagogisk tilbod i barnehage
  • Bemanna planleggingstid for pedagogar i barnehage

Mål for prosjektet

Meir forebyggande arbeid på lågast mogeleg nivå, slik at vi reduserer talet på enkeltvedtak.  

Styrke foreldrerolla og samarbeidet heim–barnehage 

  • Utvikle og implementere eit kommunalt foreldrestøtteprogram med fokus på samspel og grensesetting. 
  • Sikre systematisk samarbeid mellom barnehage og foreldre.  
    God kvalitet på barnehagetilbodet og sikre tidleg innsats i barnehagen 
  • Utarbeide og implementere felles rutinar/verktøy for tidleg kartlegging av språk, sosial utvikling og behov for ekstra oppfølging. 
  • Etablere eit systematisk samarbeid mellom helsestasjon og barnehage. 
  • Etablere tverrfaglege samarbeidsrutinar mellom barnehage, helsestasjon og PPT, med mål om at minst 90 % av barn som treng ekstra støtte får tiltaksplan innan 3 månader. 
  • Heve kompetansen til tilsette i Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) gjennom kurs og rettleiing , slik at alle barnehagar nyttar ASK i løpet av barnehageåret 2026/2027. 

Skape treffsikre og berekraftige tenester for trygg og god oppvekst 

  • Utvikle rutine for evaluering av tiltaka.  
  • Universelt foreldrestøtteprogram 
  • Alternativ supplerande kommunikasjon i det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen 
  • Ressursteam 
  • Bemanna planleggingstid til pedagogane 
  • Legge til rette for tiltak som fremmer inkludering, trivsel og psykisk helse i barnehagen, med mål om at minst 85 % av foreldra rapporterer at barnet trivst og opplever tryggleik innan 2027. 
  • Sikre at ressursbruken i prosjektet gir berekraftige og langsiktige løysingar