Ekstern: Om innsatstrappa i Bjørnafjorden

Kommunen står framfor store utfordringar fordi vi manglar både pengar og folk i arbeid. Likevel skal vi levere gode tenester til innbyggarane våre. 

Det betyr at vi må gi tenester på ein annan måte enn i dag.
Innsatstrappa i Bjørnafjorden er eit felles rammeverk som viser kva for tenester og tilbod kommunen skal levere, og kva dei ulike tenestene oppover i trappa krev av ressursar i form av pengar og folk. 

Jo meir førebygging vi kan gjere på dei første trinna i trappa, jo færre vil ha behov for dei mest ressurskrevjande tenestene øvst i trappa.
Det krev at kvar og ein av oss legg om tankegangen. Vi skal og må tenke førebygging i alt vi gjer.