Kulturstipend

Bjørnafjorden kommune lyser årleg ut to kulturstipend, kvart på kroner 20 000. Søknadsfrist i 2026 er 10. mars
Unge mellom 16 og 26 år kan søkje om stipend. 

Målet med stipendordninga er å stimulere og inspirere til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet.

Kulturstipenda skal vere ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing. Søkjarar må grunngi godt korleis stipendet kan bidra til å utvikle talent og evner på feltet. Stipendet skal ikkje gå til å dekke kostnader med formell utdanning, men kan brukast til opplæring og kompetanseheving.

Søk om kulturstipend

Søknadsskjemaet opnar ein månad før søknadsfristen.

Kommunestyret har vedteke eigne retningsliner/vedtekter for kulturstipenda. 
Sentrale punkt for søknad er:

  • Du må vere folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune for å søkje.
  • Du kan søkje frå det året du fyller 16 år og til og med 26 år.
  • Søknad skal vere personleg, andre kan ikkje søkje for deg.
  • Du kan berre få tildelt stipend ein gong.
  • Du må fortelje kva stipendet skal nyttast til i søknaden.
  • I søknaden må du grunngi korleis stipendet kan bidra til å utvikle talent og evner på feltet.
Vedtekter kulturstipend

Alle søknader blir behandla politisk i Tenesteutvalet etter innstilling frå administrasjonen. Ordførar står for sjølve utdelinga av stipendet ved 17. mai-arrangementet på Os.

  • Tidlegare mottakarar av kulturstipend frå Bjørnafjorden kommune:

    • 2025
      Natasja Smørholm (skodespel/song)
      Emil Austevoll Harlem (symjing)
    • 2024 
      Lilly-Mae Pridmore Grønvigh (Kulturentreprenør/ DJ)
      Emil Pedersen Matre (skøyter)
    • 2023 
      Erik Vaktskjold (roing)
      Cato Brekke (musikk, gitar
    • 2022 
      Mia Ludvigsen Henriksen (film)
      Markus Mol (sandvolleyball)
    • 2021
      Thomas Hjertaker (musikk - obo)
      Håvard Skåtun ( musikk - artist country)
    • 2020
      Ingrid Lyssand Rosvold (ballett)
      Madelen Koldal Holme (fotball)

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607