Fusa frivilligsentralFrivilligsentralen skal vera ein møteplass og brubyggjar mellom menneske i bygdene på Fusa-sida av fjorden, frivillige organisasjonar og det offentlege.Fusa frivilligsentral har mellom anna desse aktivitetane:Open hall for ungdomFrivillig medarbeidar i BruktbuoSosiale hendingar ved Fusa bu- og behandlingssenterFerieklubb for barn i sommarferienTurgrupperKafé i bygdeneBesøksvenn/følgepersonHjartetre og julehjarteaksjonTV-aksjonenBruktbuo, ope tre dagar i veka Ønskjer du å bli frivillig?Alle kan bli frivillige hos oss. Det er inga bindingstid og du vel heilt sjølv kor mykje tid du vil bruka.Det å vera frivillig kan gi deg nye vennskap, meistring, glede og kjensla av å vere verdifull for andre menneske. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjonFusa frivilligsentralBesøksadresse: Fjord'n senter, 2 etasje.Ope måndag til fredag kl. 9-15.Postadresse: Postboks 73, 5649 EikelandsosenDagleg leiar: Kristin Almås (vikar for Linda Cecilie Reigstad Matland)E-post: Fusa.frivilligsentral@kyrkja.noTelefon: 56 58 01 14 Besøk heimesida vår eller følg Fusa frivilligsentral på Facebook Sist endra 23.03.2026 09:59