Fjorden arena i Eikelandsosen

Fjorden arena er ein fleirbrukshall som tilbyr noko for alle: e-sport, handball, volleyball, turn, badminton, klatring, styrketrening, dans, kafeteria, brettspel med meir. Kort sagt ein sosial møteplass med varierte aktivitetar. Både idrettslag, skular, lag og organisasjonar og enkeltpersonar er velkomne i Fjorden arena.

Os idrettspark Bjørnafjorden KF har ansvar for drifta.

Søk om treningstid

Lag/organisasjonar og skular må søke om å få tildelt treningstid i hallen og/eller i andre rom i Fjorden arena. Ta kontakt med Kultureininga på e-post: tle@bjornafjorden.kommune.no 

Annan bruk av Fjorden arena

Dersom du ønskjer å bruke styrkerom eller klatrehall og/eller ønskjer å leige andre rom i Fjorden arena, må du ta kontakt med Fjorden Arena:

  • Telefon: 56 57 61 20
  • E-post: post@osidrettspark.no

Andre faste aktivitetar

  • Fritidsklubben for menneske med utviklingshemming - ein kveld i veka
  • Seniordans - måndagar klokka 12-14, rom: "Fusafjellet" i 2. etasje
  • Senioruniversitetet - ein tysdag i månaden, rom: "Fusafjellet" i 2. etasje

Her finn du oss

Adressa til Fjorden arena er Stallabrotvegen 50, 5640 Eikelandsosen. 

 

Følg Fjorden arena på Facebook