Søk om treningstid i idrettshallar og gymsalar
Skal laget ditt søke om treningstid i kommunale idrettshallar og gymsalar for neste skuleår? Søknadsfristen er 15. mai, søknadsskjemaet er tilgjengeleg til og med søndag 19. mai. (Lenke til skjema nedst i artikkelen.)
Søknad om treningstid gjeld trening måndag - fredag mellom kl. 16 og 22.
Kommunen tildeler treningstid i alle hallane (6) i kommunen, og nokre av gymsalane (4). Du finn meir informasjon i søknadsskjemaet.
Dette treng du for å fylle ut søknaden
- Kontaktopplysningar til idrettslaget
- Informasjon om laget, type idrett, årskull, ønska treningstider.
Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?
Når du har fylt ut søknaden, blir han sendt elektronisk til Kultureininga i Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden idrettsråd tildeler treningstider, og kultursjefen fattar vedtak. Du får svar tre til fire veker etter søknadsfristen.
Sist endra 15.05.2024 09:28