Båtbyggeri og économusée, ei UNESCO-verna handverksverksemd som byggjer og sel den norske nasjonalbåten, oselvaren. Oselvarverkstaden syner fram og tar vare på handverkstradisjonane og set dei inn i historisk samanheng.
Oselvarverkstaden er ei levande handverksbedrift som byggjer båtar for sal og vidareformidlar ein 250 år lang, ubroten båtbyggjartradisjon. Tidlegare Os kommune og Hordaland fylkeskommune - no Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune - står bak stiftinga. Oselvarverkstaden kom i drift i 1997.
1. desember 2016 tok Unesco inn Oselvarverkstaden på lista for immateriell kulturarv.
Verkstaden husar òg ei utstilling som fortel om tusen års båtbygging og -bruk. Det er mogeleg å avtala omvising for grupper og enkeltpersonar.
Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.