Treng du øvingslokale? Då kan ein musikkbinge vera tingen for deg. Det er eit lokale som du kan leiga for å øva på å spela musikk. Bjørnafjorden kommune har totalt fire musikkbingar. To av desse er under rehabilitering våren 2025, men to er tilgjengeleg og har utstyr til fri bruk for alle.
Musikkbingane finn du her:
- Nore Neset barneskule (mellom skulen og aktivitetshuset)
- Søfteland skule
Musikkbingane skal vera tilgjengelege for alle som treng øvingslokale. Musikkbingane er 25 kvadratmeter store og fullt utstyrt med lydanlegg med mikrofonar, gitarforsterkarar, bassanlegg, komplett trommesett og keyboard/el-piano. Trommestikker må du ta med sjølv. Musikkbingane er isolerte, med støydemping, varme i golv og ventilasjon.
For tildeling av øvingstid og meir informasjon, ta kontakt med
- Os-sida av fjorden: Os rockeklubb v/Kjetil Osablod Grønvigh, tlf. 995 05 666 eller e-post: mrk@osrockeklubb.no
- Fusa-sida av fjorden: Erik Vangsnes, mobil 472 77 146 eller e-post: erva@bjornafjorden.kommune.no
Sist endra 22.01.2025 08:56