1. desember: Hans Astrup Krüger. Den første ordføraren

30. desember 1837 hadde Os formannskap sitt aller første møte. På saklista stod berre ei sak: å velje ordførar og varaordførar. 

Hans Astrup Krüger (1781-1855), portrettert av Sigurd Bugge

Formennene møttest på Holsund, sentralt i den splitter nye kommunen. Korleis diskusjonen gjekk i dette aller første kommunale møtet i storkommunen Ous, er ikkje godt å vite. Den ferske ordføraren skreiv møteboka sjølv, og han hadde ikkje for vane å utbrodere. 

Kort protokoll - langt heim

"År 1837 den 30. Desember samledes Formandsskabet på Holsund og valgte Ordfører Hans Jacob Krüger og til Viceordfører Baar Sjursøn Østefjord." 
Det var heile protokollen. Til samanlikning kan du ta ein kikk på protokollen frå sist kommunestyremøte i Bjørnafjorden, om du vil.  
Om protokollen var kort i 1837, var reisevegen lang. Etter at dei hadde gjort vedtak i dagens einaste sak, var det å ro, ri eller gå heimatt i desembermørkret. Namna tyder på at dei fleste hadde lang heimveg. Kanskje var det blitt 1838 før Severejde, Qvitingen, Østefiord, Kleppe, Helland, Schougseide, Lien og Qvaløsund var vel i hus. 

- Takk for meg

I tillegg til ordførarvervet var Hans Astrup Krüger gardbrukar og landhandlar på Skjørsand, han sat på fylkestinget og var fylkesrevisor. I 1841, etter tre år som ordførar, kalla han saman formannskapet til møte 13. april for å informere om at no var han blitt 60 år, så no gav han seg. Det hadde han rett til etter lova. Dermed overleverte Krüger møtebøkene til varaordføraren, og gjekk av på dagen. 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.