Opne luke 5: År 1841. Torstein Jersin blir ordførar, og forfall til heradstyret har ein pris

Kapellan Torstein Jersin var varaordførar frå 1838, i vårt aller første heradstyre. Alt i april 1841 rykte han brått opp til ordførar midt i valperioden. 
Økonomisk hadde heradet starta på null. Ein måte å få inn nokre skillingar til kommunekassa, var å bøtelegge dei som ikkje stilte til møta i heradstyret.   

Torstein Jersin (1805-79), portrettert av Sigurd Bugge

Dei første åra var heradstyret stadig på vandring. Først var Holsund, Fusa og Skjørsand møtestader. I Jersin si tid møttest dei oftast på Osøyro, anten på prestegarden eller heime hos ein av heradstyremedlemmene. 

Møt opp, eller betal

I periodar var det møte om lag ein gong i månaden, gjerne med berre ei sak på sakskartet.  Frammøtet var jamt over godt, sjølv om mange av medlemmene hadde veldig lang reiseveg. Dei kjente sjølvsagt på plikta til å stå ved oppgåva dei hadde tatt på seg, men truleg spelte det òg inn at forfall kosta.  Den som hadde fråvær utan gyldig grunn blei bøtelagt med ein halv spesidaler, 60 skilling. Den svei, for ei vanleg dagløn var 15-20 skilling.  

Avslørt. Alle hadde motvind 

På 1840-talet var heradstyret lite villig til å godkjenne forfall. Det var krav om grundig forklaring frå den som hadde uteblitt, før heradstyret stemte over om det var gyldig. Sjukdom blei vanlegvis godkjent, og då ein mann hadde fråvær fordi han døydde like før møtet, blei det protokollført at "vedkommende forfall må anses som lovligt".   
I september 1841 møtte ingen frå Samnanger eller Strandvik, “formedelst stormende Weyr”. Den gongen slapp dei bot. Men då representanten frå Matland kom ein time for seint til eit heradstyremøte på Lyssand i mars 1846, måtte han fint betale. Han hadde hatt motvind frå Matland til Hatvik, men det var ikkje grunn god nok, ettersom dei andre frå Fusasoknene og frå Samnanger kom presis, sjølv om dei nødvendigvis hadde møtt same vind. 

Potensiell inntektskjelde?

I Bjørnafjorden i dag skjer det ein sjeldan gong at forfall til kommunestyret skaper bølger og debatt, men standard er at innmelde forfall blir godkjent. Det er heilt klart ryddig og sympatisk, men betyr det at kommunen går glipp av gode inntekter? Burde nokon rekne på kva kommunekassen kan tene på å gjeninnføre bøter for forfall, i alle fall i dei tilfella der motvind er oppgitt som einaste årsak? Køyr debatt. 

  • Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar. 
    Kort samandrag: 
    1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger  
    1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
    1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
    1907: Samnanger og Os skilte lag
    1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 årt som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
    2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune 

    Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.