Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal satsing som skal bidra til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet for eldre.
Slik melder du inn forslag

Kommunen arrangerer konsertar og kulturopplevingar på ulike arenaer, både i og utanfor institusjonane.

Driv du med formidling av kunst og kultur og ønskjer å vere ein del av Den kulturelle spaserstokken i Bjørnafjorden kommune?

Vi tar imot forslag om program, og behandlar tilboda etter kvart som dei kjem inn.  

Det er kulturavdelinga som koordinerer arbeidet med "Den kulturelle spaserstokken" i Bjørnafjorden kommune.

Kontakt rådgivar Grete Byrkjeland

E-post: gby@bjornafjorden.kommune.no
Telefon: 9485 3607

 

Informasjon til utøvarar

Utøvarar i Den kulturelle spaserstokken i Bjørnafjorden kommune vert honorert etter tariffsatsen utarbeidd mellom KS og Creo for Den kulturelle skulesekken.

Ein får honorar per formidlingsdag, og utøvarar må gjennomføre sitt opplegg på to til tre institusjonar per dag, om ikkje anna er avtalt.

Utøvarar får dekka utgifter til køyring/transport mellom institusjonar.

Bjørnafjorden kommune dekker utgifter knytt til ferdig utvikla produksjonar og ikkje til utarbeiding og forarbeid i høve produksjonar. Kommunen dekker ikkje leige av utøvar sitt private utstyr eller reise til kommunen.

Utøvarar må kunne sende faktura i EHF-format.