Fjell, fjord og skog - for ein flaks å ha så mange fine turmål i nærområdet. Ta Bjørnafjorden i bruk!Kan søke om inntil 10 000 kroner
For å stimulere til friluftsliv i Friluftslivets år 2025 vil Kultureininga i Bjørnafjorden kommune bruke 200 000 kroner på å støtte lågterskelarrangement som er opne for alle. I tillegg har BOF (Bergen og Omland Friluftsråd) gitt Bjørnafjorden kommune 85 000 kroner av midlane dei har fått innvilga frå Gjensidigestiftelsen til same type formål. Denne løyvinga kjem på toppen av dei 200 000.
Kortversjon: vi har 285 000 kroner som vi skal fordele til lågterskelaktivitet i Friluftslivsåret 2025!
De kan søke støtte til gode utandørsaktivitetar og få tilskot på mellom 5000 og 10 000 kroner. Summen kjem an på kor mange søknader vi får inn, og på arrangementet sitt omfang og innhald. Dersom prosjektet er tenkt gjennomført fleire gonger i 2025, eller over fleire år, kan vi vurdere å gi eit større tilskot. Det er mogleg å søke til fleire ulike arrangement. Midlar som ikkje blir tildelt i første søknadsrunde, vil bli lyst ut på nytt seinare i år.
Du har ideen, BUA har utstyret
Friluftslivets år blir markert kvart 10. år, og har som formål å inspirere til meir friluftsliv, senke terskelen for å delta, auke medvitet kring nærnaturen, og fokusere på korleis vi skal ta betre vare på naturen. I enkelte område kan det vere nødvendig med godkjenning frå grunneigar før de planlegg aktiviteten.
Hugs at de kan låne utstyr hos BUA, heilt gratis!
Vilkår for å søke tilskot
- Aktivitetane må vere i regi av frivillige lag eller organisasjonar som registrert i Frivilligregisteret.
- Aktiviteten må leggast inn i aktivitetskalenderen på Friluftslivets år
- Aktiviteten må ta omsyn til natur og miljø
- Arrangørane må kjenne godt til allemannsretten
- Aktiviteten er open for alle
- Lavterskel
- Aktiviteten må skje i 2025
- I annonsar og omtale må de nemne at aktiviteten er støtta av Bjørnafjorden kommune og BOF.
- Kommunen kan publisere informasjon om arrangementet
Enkel rapportering
For å rapportere kva aktivitet tilskotet er brukt til, sender du oss informasjon om ca. kor mange som deltok , og minst 3 fotografi frå gjennomføringa. Bileta må vere godkjent til bruk på kommunen si heimeside, Facebook og/eller på heimesida til Friluftslivets år.
Her kan du sjå nokre eksempel på kva tilskotet kan brukast til
- Vaffelsteiking i Raudliostovo
- Hengekøyetur
- Felles bålpannetur
- Middag i det fri og/eller nistetur i nærnaturen
- Friluftsutstyr nødvendig til aktiviteten/prosjektet
- Turguiding i fjell eller fjord (ro/padling)
- Matsanking av for eksempel sopp, bær, planter eller anna
- Teltturar
- Annonsering av aktivitetar i friluft
- Fisketur/konkurranse
- Aktivitetar ved Dagsturhyttene, gapahukane eller liknande