Tilskuddsportalen

På forsida til Tilskuddsportalen finn du ein video som viser korleis du kan registrere deg og få oversikt over fleire tusen støtteordningar.

 

Tilskuddsportalen.no er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 tilskotsordningar. Tilskuddsportalen gir ei god oversikt over ulike tilskot. Tilskuddsportalen er todelt: ein portal for tilsette i kommune og ein portal for frivillige i lag og organisasjonar. Bjørnafjorden kommune abonnerer på Tilskuddsportalen, som betyr gratis bruk for tilsette i kommunen og alle frivillige organisasjonar i kommunen. Alt du treng å gjere er å registrere deg. 

Sjå video og kom i gang

Tilskuddsportalen inneheld blant anna

• Kalender med søknadsfristar
• Katalog der tilskota er sortert etter tema
• Nyhendeoppdateringar frå forvaltarar av tilskot
• Oversikt over alle lag og foreiningar i Bjørnafjorden kommune som er registrert i Enhets- og Frivilligregisteret i Brønnøysund 
 

Dersom du har spørsmål eller får tekniske problem med innlogging, kan du kontakte support: support@tilskuddsportalen.no

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607
Tom Leonsen
Rådgjevar
Telefon: 45452296
Mobil: 45452296