Fritidsklubben i Eikelandsosen – Eit inkluderande tilbod for personar med utviklingshemming

Velkommen til Fritidsklubben i Eikelandsosen! Vi tilbyr ein trygg og inkluderande arena for menneske med utviklingshemming. Her kan du delta på ulike aktivitetar kvar onsdag kl. 18.00 – 20.00 på biblioteket i Eikelandsosen.

Kven er Fritidsklubben for?

Klubben er spesielt tilrettelagt for personar med utviklingshemming frå Fusa-sida i Bjørnafjorden kommune. Deltakarane er i alderen frå vidaregåande skule og oppover, og alle med eit ønske om å delta i sosialt samvær og aktivitetar.

Korleis får du informasjon?

Fritidsleiaren sender ut oppdateringar om klubbaktivitetar via e-post til bufellesskapa og eventuelt andre aktuelle deltakarar og føresette. Programmet finn du òg på heimesida til Bjørnafjorden kommune.

Kva skjer på klubben?

Formålet til klubben er å vere eit møtepunkt og ein sosial samlingsstad i kvardagen. Aktivitetane spenner frå spelkveldar, verkstad med kreative aktivitetar, musikkstunder til turar og utendørsaktivitetar i lokalmiljøet.

Her finn du oversikt over aktivitetane hausten 2025.  (PDF, 92 kB)

Kva kostar det? 

Det kostar 70 kroner per klubbkveld, inkludert kveldsmat. Leiaren sender ut faktura tre gongar i året.

Har du forslag eller vil du bidra?

Vi ønskjer gjerne tips og innspel til aktivitetar! Ta gjerne kontakt med oss, slik at vi kan skape eit variert og spennande tilbod for alle deltakarar.

Vi gler oss til å sjå deg på klubbkvelden!

Kontaktinfo: agsmor@bjornafjorden.kommune.no

Kontakt

Agnes Jojart Smørholm
Lærer
Mobil: 91595806