Idrettsskule for menneske med utviklingshemming

Idrettsskulen gir tilbod om å prøva ulike idrettsaktivitetar nokre veker i året. Den er eit samarbeidsprosjekt mellom kultureininga, idrettsrådet og ulike idrettslag på Fusa-sida av fjorden.

Ulike idrettslag stiller med instruktørar og treningsopplegg ein gong per veke i opp til fire veker. Treningane er varierte, men godt tilpassa menneske med utviklingshemming.

Variert tilbod

Idrettsskulen er eit tiltak i arbeidet for å betra fritidstilbodet til menneske med utviklingshemming i kommune. Idrettsskulen har gitt gode opplevingar og flott respons frå både deltakarar og arrangørar. Karate, snøaktivitet, friluftsliv, hesteaktivitet, symjing og ulike ballspel er prøvd ut.

Takk til idrettslaga som stiller opp og er med på å gjera dette tilbodet mogleg!

Ta kontakt med fritidskoordinator Agnes J. Smørholm ved kultureininga for meir informasjon.

Kontakt

Agnes Jojart Smørholm
Lærer
Mobil: 91595806