Om Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk

Føremålet med den kulturelle spaserstokken er å leggja til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at vi kan utvikle gode kunst- og kulturprosjekt for eldre innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Midlane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.

Det blir arrangert konsertar og kulturopplevingar for Luranetunet bu-og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter samt på dagsentra Oshaugen, Fjordblikk og Baldersheim.

Den kulturelle spaserstokken Bjørnafjorden har kjøpt inn desse programma for 2026 (PDF, 45 kB).

Programtittel  Utøvarar
Sol i sinnet Marius Neumann Hjelle og May Huseth Kehr
Fagert er landetGuri Gjermstad Dypvik
Edvard Mjanger
Musikk og menneskemøterGuri Gjermstad Dypvik
Nordisk musikkBøen/Fiskaaen Duo
"Fosse og Fele: å du å du" Johanna  SeimStine Revheim Svellingen
Trubadur med  allsongKurt Hatten
MusikkomsorgFredrik Elholm
Jazzprogram Marita Sandven
Ole Amund Gjersvik
Populærmusikk frå 50-60 taletBerit Håpoldøy

Luraneslåtten

Luranetunet har Luraneslåtten, songstund i Tropehagen,  for alle bebuarar med pårørande. Songstunda skjer annankvar torsdag klokka 11.  
Her finn du alle datoar for Luransslåtten våren 2026. (PDF, 140 kB)

Kunst og demens 

Den kulturelle spaserstokken har i ei årrekke samarbeid med  Oseana kunst- og kultursenter om årleg program med tilrettelagde omvisningar, under overskrifta «Kunst og demens» i Oseana. 

Her finn du informasjon om «Kunst og demens» våren 2026. (PDF, 188 kB)

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607